Kva er skilnaden mellom religion og magi?

Like lenge som religionsvitarar har forsøkt å finne kva som er religion, har dei forsøkt å finne kva som skil dette frå magi. Eit eintydig svar har religionsvitskapen enda til gode å finne, men her er nokre forsøk.

Din magi – vår religion

Ordet magi kjem frå det greske magos, som var tittelen til persiske prestar i oldtida. Dei tre vise menn frå aust vert kalla magoi i juleforteljinga hos Matteus på gresk, og det er dette som gjer at me trur dei var persiske kongar eller prestar. I denne forteljinga er omgrepet ikkje negativt ladd, men i fleire andre tekstar frå antikken er magi noko falskt og forderva frå fjerne, eksotiske land; noko som er ulikt oss sjølve og vår religion. For mange religionsvitarar er det her skilnaden mellom religion og magi ligg; i auget som ser og i korleis ein omtalar fenomenet. Magi, rekna som falsk eller det motsette av religion, er ein anklage ein rettar mot fiendar eller motstandarar. Eit anna klassisk døme, som går igjen i litteratur frå nær sagt alle tidsepokar, er at magi er noko gamle, ugifte kvinner driv med – tenk Disney-heksa – og dette speglar då ein rådande mannssjåvinisme i samfunnet.

Magi = primitiv religion?

Diverre har heller ikkje religionsvitskapen vore fri for sjåvinisme når det gjeld å skilje religion frå magi. Dei første moderne vitskapsmenn som studerte magi var antropologane Edward Tylor (1832–1917) og James G. Frazer (1854–1941). Dei skisserte ei evolusjonær utvikling av menneskeleg tru, frå primitiv magi til organisert religion (og til slutt rasjonell vitskap). Døma på slik primitiv tru fann dei blant «innfødde» rundt omkring i det britiske imperiet, medan det siste stadiet av religionens evolusjon likna britisk protestantisme. Tylor og Frazer har sidan vorte grundig kritisert for å ha basert studia sine på europeiske fordommar og for-forståingar av religion , men mange av observasjonane deira om einskilde fenomen i magi held framleis stand. Til dømes dette at magi opererer gjennom kontakt og gjennom likskap, som me kan sjå i voodoo-dokkene eg snakkar om i filmen.

Magi = antisosial oppførsel?

Émile Durkheim (1858–1917), ein av vitskapsmennene som etablerte fagfeltet sosiologi, meinte at religion er samfunnet som dyrkar seg sjølv, og skilnaden mellom religion og magi er dermed at den eine er kollektiv medan den andre er individuell. Durkheim sin student, og nevø, Marcel Mauss (1884–1950) haldt fram denne retninga saman med Henri Hubert (1872–1927) og dei forklarte magi som degenerert eller antisosial oppførsel. Eit forslag som byggjer på denne forståinga føreslår at heksekunstar var ein måte for gamle, ugifte kvinner å gjere seg merka og/eller relevante i samfunn som elles hadde lite bruk for dei.

Magi = ritual?

Seinare religionsvitarar har peikt på korleis desse tidlege studia av magi, både innanfor antropologi og sosiologi, kvilte på klart europeiske verdsforståingar og idear om religion, og mange, til dømes Jonathan Z. Smith (1938–2017), har tilbakevist at det i det heile er nokon skilnad mellom religion og magi. Dei meiner at det som tidlegare forskarar kallar magi like gjerne kan bli skildra og forstått som ritual, ofring, spådom, bøn, osb. – med andre ord aktivitetar og praksisar me òg kjenner frå religion. I følgje desse religionsvitarane er eitkvart skilje mellom religion og magi uunngåeleg normativt eller teologisk, og difor ikkje relevant for religionsvitskap. Ei nyare utvikling innanfor dette synet kjem frå forskarar som brukar kognitive studiar og evolusjonspsykologi for å forklare religion: Dei føreslår at det me brukar å kalle religion og det me brukar å kalle magi utløyser dei same reaksjonane i hjernen og er dermed uttrykk for dei same menneskelege behova for å forstå verda omkring seg.

Same same – but different?

Dei aller fleste religionsvitarar i dag er samde i kritikken mot Frazer og gjengen. Samstundes slit me med å bli samde om korleis ein i staden skal forstå det som før vart kalla magi. Somme forskarar ser på det som ‘ritual,’ andre utforskar forbindelsar i hjernen, medan andre igjen studerer juss og psykologi knytt til trollsdomsprosessar. Denne forvirrande floraen av nye tilnærmingar og omgrep har førd til at mange religionsvitarar no faktisk har teke til orde for å behalde magi som ein vitskapleg kategori, berre utan Tylor og Frazer sine gamle fordommar. I følgje dei kan me skildre magi som visse praksisar og tradisjonar som søkjer å oppnå noko, for nokon, med nokre typar verkemiddel som er ‘magiske.’ Korkje meir eller mindre. Kva synes du?

Refleksjonsspørsmål

  • Finnes det magi i Noreg i dag? Dersom ja, kvar?
  • Finnes det magi i verda i dag? Dersom ja, kvar?
  • I nattverdsliturgien i luthersk og katolsk kristendom (og andre) blir brødet og vinen til Jesu kropp og blod – er dette magi?
  • Kvifor er det ikkje eit ord for mannlege hekser?

Litteraturtips

Frazer, James. The Golden Bough: A Study in Magic and Religion. Oxford University Press, 1890

Gullveig Alver, Bente. Mellem mennesker og magter: Magi i hekseforfølgelsernes tid. Oslo: Scandinavian Academic Press, 2008

Smith, Jonathan Z.. Drudgery Divine: On the Comparison of Early Christianities and the Religions of Late Antiquity. Chicago: University of Chicago Press, 1990

Sørensen, Jesper. A Cognitive Theory of Magic. Plymouth: AltaMira Press, 2007

Ett tips til fra religionsoraklene-redaksjonen:

Otto, Bernd-Christian og Michael Stausberg. Defining Magic: A Reader. London, New York: Routledge, 2014

Lenker

Trolldomsarkivet. Folkeminnesamling ved Institutt for kulturstudier og orientalske språk, Universitetet i Oslo.