«Det finst ikkje gratis lunsj». Et forslag til kjerne i norrøn religion

I alle religionar er visse idear meir sentrale enn andre. Ein slik idé i norrøn religion ser ut til å vera at det ikkje finst gratis lunsj. Dette ser vi i dei mange mytane der gudane svekker seg sjølve for å oppnå noko på kort sikt, eller noko gudane har skapt blir svekt for å oppnå noko.

  • Odin pantset auget sitt i brunnen under verdstreet for å få kunnskap.
  • Heimdall gjer noko liknande med øyret eller høyresansen sin.
  • Ty ofrar sverdhanda si for å få bunde Fenrisulven.
  • Frøy gjev frå seg sverdet sitt for å få jotunjenta Gerd. Motstandaren han møter i Ragnarok er væpna med det sverdet.
  • Vatnet i verda regnar frå horna på hjorten Eiktyrne, som beiter på verdstreet og får det til å tørke ut.
  • Krigarane til Odin mjølkar mjøden sin frå geita Heidrun, som gjer same skade på verdstreet.

Poenget her er ikkje at ein må gjera ein innsats for å oppnå noko. I staden ser det ut til at gudane for å bygge kosmoset sitt må svekke og skade seg sjølve, gje avkall på ting som er så viktige at det til slutt feller dei. Dei skyt seg i foten.

Likevel var det ikkje noko alternativ å ikkje svekke seg sjølv på denne måten, for i så fall ville ikkje gudane fått bygd prosjektet sitt. Då ville ingen ting vorte noko av. Undergang på lang sikt ser ut til å vera prisen gudane må betala for framgang på kort sikt.

Samtidig er det, ser det ut til, ein ide om gjensidig avhengigheit mellom motkrefter. Gudane skaper med utplyndring av dei andre, særleg jotnane. Men det gudane skaper, ønsker jotnane å få del i, og jotnane hemner seg og vinn over gudane i Ragnarok. Då går verda under, den verda også jotnane lever i.

Dette kan vi sjå i samanheng med at gudane har Loke iblant seg. Kvifor ønsker gudane det, når Loke gjer så stor skade? Svaret ser ut til å vera at han òg er den guden som gjer størst nytte. Han skaffar gudane alle slag underfulle kulturgjenstandar og bergar dei ut av fleire kniper. Men dette oppnår altså ikkje gudane utan å betala ein høg pris.

Refleksjonsspørsmål

  1. Kva synest du om realismen i denne ideen? Stemmer han med det du har opplevd i livet? Har ideen relevans for politiske spørsmål i dag?
  2. Kva idé finn vi som minner om dette i taoismen?
  3. Korleis skil ideen seg frå det vi lærer i kristendomen eller islam?

Litteraturliste

Podkasten Tru og meining i gammal tid, episode 2: «Kjernen i norrøn religion: Det finst ikkje gratis lunsj». https://pod.link/1635409693/episode/e8a2a332eb8999fb6691e847fe4bcdee.

Clunies Ross, Margaret. 1994: Prolonged Echoes. Old Norse Myths in Medieval Northern Society. Volume 1: The myths. The Viking Collection. Studies in Northern Civilisation 7. [Odense]: Odense University Press.

Mundal, Else. 1992: “Heiðrún: Den mjødmjølkande geita på Valhalls tak.” I Finn Hødnebø m. fl. (red.): Eyvindarbók. Festskrift til Eyvind Fjeld Halvorsen 4. mai 1992. Oslo: Institutt for nordistikk og litteraturvitenskap, Universitetet i Oslo. 240-47.

Mundal, Else. 2001: “Skaping og undergang i Vǫluspá.” I Rudolf og Ásdís Egils. (red.): Sagnaheimur. 195-207.

Meulengracht Sørensen, Preben. 1977: “Starkaðr, Loki og Egill Skallagrímsson.” I Jónas Kristjánsson og Einar G. Pétursson (red.): Sjötíu ritgerðir helgaðar Jakobi Benediktssyni 20. júlí 1977. Rit Stofnun Árna Magnússonar á Íslandi 12. 2 band med løpande paginering. Reykjavík. 759-68.

Meulengracht Sørensen, Preben. 1986: “Thor’s Fishing Expedition.” I Gro Steinsland (red.): Words and Objects. Towards a Dialogue Between Archaeology and History of Religion. Oslo: Norwegian University Press. 257-278.

Andre interessante episoder