Kva er ein fatwa?

Ordet “fatwa” er i ferd med å gå inn i norsk dagligtale, enten som “bannbulle”, “dødsdom” eller det som verre er. I utgangspunktet er det heilt feil, for ein fatwa er egentlig nettopp ikkje ein dom, berre ei vurdering av eit juridisk spørsmål .

Islamsk lov: Sharia og dei rettslærdes ulike tolkingar

Bakgrunnen er det særlige grunnlaget for det islamske lovverket, Shariaen. Vi er mest vant med at ei lov blir formulert og vedtatt av ei politisk makt, det vere eit parlament eller ein eineherskar. Autoriteten til lova ligg hos staten. Slik er det ikkje i islamsk lov, som jo er ei lov grunna i Guds openbaring. Det ligg utanfor herskarens område å bestemme kva Gud har gitt av reglar. Det er det dei religiøse lærde som skal stå for.

Det hadde  vore enkelt om Guds openbaring – Koranen, og eksempelet frå Profeten Muhammad og hans nærmaste (Sunnaen) hadde vore eintydig, det var berre å sitere eit Koranvers, så var alt klart. Men slik er det ikkje, openbaringsteksten må tolkas og formas om den skal gi grunnlaget for eit lovverk ein kan bruke f.eks. i ein rettssal. Dette er oppgåva til ein særlig kategori lærde, fuqaha, dei “rettslærde”. Men heller ikkje dei rettslærde klarer alltid å bli samde. I teologi er ikkje det noe stort problem, Guds ord kan tolkas slik eller sånn, og begge delar kan vi tolerant godta som mulige svar. Men i ein rettssal er det problematisk. Er to partar usamde om eit søksmål, så kan den eine parten vise til ei tolking av eit Koranvers, og den andre parten hevde ei anna tolking, og så er begge like gode uttrykk for Guds meining? Kva skal ein stakkars dommar da gjere? Ei lov som skal praktiseras må vere eintydig, så langt det er råd.

Derfor må ein autoritet komme inn og si “dette er lova slik vi skal praktisere den”. Islam har ikkje noen pave eller kyrkjemøte som slår det fast, derfor er det eit noe meir vagt prinsipp om “konsensus”, eller “allmenn semje mellom dei rettslærde” som kan gi ein slik autoritet, i praksis gjennom ulike “lovskular” (som ikkje er skular, men retningar innan islamsk jus).

Muftien som ei menneskelig lovbok

Men det gjenstår fortsatt tolkingsmuligheiter, og her kjem da muftien inn. Det er ein rettslærd, som kjenner den juridiske litteraturen og alt som ligg bak dei ulike tolkingane, og kva som er rådande oppfatning i sin eigen lovskule. Han blir derfor ei menneskelig “lovbok”, eller “lovseiemann”. Ein dommar, eller ein part i ei rettssak, kan derfor, når det er usemje om ei lovtolking, vende seg – alltid skriftlig! – til ein mufti og spørre: “Når vi har ein slik og slik situasjon, kva seier da lova?”. Og muftien svarar: “Om dette er tilfellet, så er lova dette:” Dette svaret er ein fatwa, som altså er ei juridisk vurdering.

Men den er berre teoretisk, fordi muftien svarar berre på spørsmålet, “dersom det er slik, så…”. Det er opp til dommaren i den konkrete saka å bestemme om spørsmålet, og dermed fatwaen, er rett stilt (om fakta i saka er slik som spørraren har sagt). Til dømes kan to partar i ei sak godt stille med kvar sin fatwa, frå ulike muftiar – der dei har stilt spørsmålet ulikt, alt etter korleis dei vurderer fakta i saka. Da blir det dommaren som velger kva fatwa som er relevant, eller avviser begge som irrelevante. Fatwaen i seg sjøl har altså ingen domskraft, men er meir som lovparagrafen eller andre “lovkjelder” i ein norsk rett, noe dommaren kan støtte seg på når han dømmer.

Frå juridisk til etisk vurdering: Fatwaer i moderne rettstater

Fatwaer kan ta opp alle slags juridiske spørsmål, og også rituelle og andre spørsmål om muslimars praksis, men ikkje teologiske spørsmål i seg sjøl. I moderne tid er lov og rett underlagt moderne statar, som i all hovudsak har stilt opp faste lovar av vestlig mønster (“kodifisert lov”). Derfor har muftiens rolle som “lovseiemann” falle bort i nesten alle land, også “islamistiske” land som Iran. Fatwaene er derfor ikkje lenger ein del av rettsapparatet.

Men samtidig står muslimar oppe i store sosiale endringar som resultat av modernisering, og migrasjon, som stiller nye spørsmål om rett praksis i nye omstende. Derfor kan muftiar, og deira vurderingar, få ei nye rolle utan retten, i svare på “kva er rett islamsk praksis i ei ny tid”. Eit typisk døme på det i Norge er korleis ein skal praktisere fasten, “du kan ete når du ikkje kan skille ein svart tråd frå ein kvit”, i eit område der sola aldri går ned. Her kan muftien – som er ein person dei truande aksepterer har kunnskap og forståing – gi det beste svaret han meiner. Dei truande kan da forholde seg til muftiens vurdering som ei rettleiing i sine handlemåtar.


SE OGSÅ!

Refleksjonsspørsmål

  • Kvifor blir ordet fatwa ofte misforstått?
  • Kva står i vegen for å gjere eintydige tolkningar av Koranen og hadith?
  • Kva for innhald har fatwaene som nemnas i teksten og videoen? Og kva andre eksempel på fatwaer har du hørt om?
  • Kvifor er ikkje teologiske spørsmål tema for fatwaer?

Litteraturtips

Alexandre Caeiro, ”The Power Of European Fatwas: The Minority Fiqh Project And The Making Of An Islamic Counterpublic,” International Journal of Middle Eastern Studies, 42:3, 2010, 435–449.

Uriel Heyd, ”Some aspects of the Ottoman fetvā,” Bulletin of the School of Oriental and African Studies, xxxii, 1, 1969, 35–56.

Muhammad Khalid Masud, Brinkley Messick and David S. Powers (eds.), Muftis, Fatwas and Islamic Legal Interpretation, Cambridge, MA 1996.

Basheer M. Nafi, ”Fatwā and War: On the Allegiance of the American Muslim Soldiers in the Aftermath of September 11,” Islamic Law and Society, 11:1, 2004, 78–116.

Uriya Shavit & Ofir Winter, ”Sports in Contemporary Islamic Law,” Islamic Law and Society, 18:2, 2011, 250–280.

Jakob Skovgaard-Petersen, Defining Islam for the Egyptian State: Muftis and Fatwas of the Dār al-iftā, Leiden 1997.

Knut S. Vikør, Mellom Gud og Stat: Ei historie om islamsk lov og rettsvesen, Oslo 2003.