Nesten 500 millionar menneske kan i dag reknast som urfolk, i følgje FN. Dei har forskjellige religionar.
Fordommar
Ei utbreidd oppfatning er at urfolk har ein eigen type religion, gjerne kalla naturreligion, animisme eller sjamanisme. Fordomar som har blitt skapt og spreidde med kolonialisme, misjon, antropologiske teoriar og populærkultur ligg til grunn for slike idear om ein opphavleg religion felles for alle urfolk. Desse førestillingane er tidvis så sterke at dei skuggar for erkjenninga av at urfolk har særeigne tradisjonar som er enormt ulike seg imellom, og ikkje minst det faktum at det vanlegaste blant urfolk i dag er å vedkjenne seg ein av dei såkalla verdsreligionane. For urfolk fordeler seg på dei største religionane omlag som andre folk rundt om i verda.
Kristendommar
Kristne utgjer den klart største religionsgruppa globalt, også blant urfolk. Katolikkane er flest. Dei finst ikkje berre i Latin-Amerika, men på alle kontinent, og mangfaldet dei imellom er stort. Også i samiske samfunn finst det enno spor av katolske skikkar frå tida før protestantisk misjon byrja der på slutten av 1600-talet.
Ulike former for kristendom pregar i dag ulike urfolkssamfunn. Dei fleste samar er formelt evangelisk-lutherske kristne i likskap med fleirtalet av innbyggarane i dei nordiske landa, medan i Russland er mange ortodokse. Samar deltek i kyrkjelege aktivitetar og i lekmannsrørsler som dei læstadianske forsamlingane. Nokre samiske leiarar er aktive i internasjonale kristne nettverk, til dømes Kyrkjenes Verdsråd, der dei saman med urfolksrepresentantar frå andre verdsdelar utviklar former for kristendom som tek urfolks eigne erfaringar, forteljingar og skikkar som utgangspunkt. Mange samiske kristne er liberale i lærespørsmål, medan andre er svært konservative. Dei aller fleste er lite aktive kyrkjemedlemmar, i likskap med majoriteten i Norden og Russland.
Misjonshistorie
Misjonærar har gjennom fleire hundreår spreidd kristendom til urfolk i alle verdsdelar. Den globale utbreiinga av kristendom heng tett saman med kolonihistorier. Misjon og kyrkjebygging har vore del av forsøk på å ta kontroll over urfolk og landområda deira. Europeisk kolonialisme har gjort kristendom til verdas mest utbreidde religion – og «religion» til eit globalisert omgrep som no blir brukt for å fange særs ulike verdssyn og livsformer.
Misjonærar har forfekta sine eigne retningar og tolkingar av kristendom, samstundes som dei ofte har framstilt visse delar av urfolk sine eigne tradisjonar som djevelskap, avgudsdyrking, falsk religion, overtru, primitiv religion eller naturreligion. Med omvending, frelse og modernisering som mål har misjonærar gått til åtak på praksisar, forteljingar og gjenstandar som har forstyrra deira eigne ideal. Sjølv der folk har vore kristne i snart 500 år, slik tilfelle er somme stader i Amerika, sjølv der kan ein enno møte på misjonærar, også norske, som hevdar at urfolk ikkje er kristne nok, eller kristne på rett, fordi dei enno held i hevd fleire av sine eigne tradisjonar og utøver kristendommen sin på måtar som er innvevde i desse tradisjonane. Globalt finst det i dag etter alt å døme fleire aktive misjonærar enn nokon gong før i verdshistoria, og nokre av desse misjonærane kjem sjølve frå urfolk.
Fleire religionar
Mange andre urfolk er muslimar. Forskjellige etniske eller lokale tradisjonar har historisk fått ganske god plass innanfor rammene av dei fleste retningar av islam. Læra om at det berre finst ein gud og ei gjeldande openbaring kan likevel gjere det risikabelt å antyde at nokon praktiserer ein ikkje-islamsk religiøs tradisjon i tillegg til islam, særleg i område der islamistiske reformrørsler er verksame.
Blant verdas urfolk finst det dessutan mange som reknar seg som buddhistar eller hinduar og utøver desse religionane på særeigne måtar. Samstundes sirkulerer førestillingar mellom andre buddhistar og hinduar om at urfolks tradisjonar er primitive og lågverdige samanlikna med andre former for buddhisme og hinduisme.
Også nye religiøse rørsler har oppstått eller breidd om seg blant urfolk. Somme slike rørsler bygg vidare på idear om animisme, holisme, sjamanisme og naturreligion, kjenneteikn som først vart tilskrive urfolk av utanforståande gjennom koloniale møte. Mange medlemmar av urfolk har etter kvart sjølve omfamna og omforma slike idear, og dermed tatt eigarskap til koloniale kategoriar, for å bruke dei til både positive og negative skildringar av eigne tradisjonar.
Vi må heller ikkje oversjå at blant urfolk er mange generelt skeptiske til religionar. Mange har krevjande erfaringar ikkje berre med religiøse aktørar, men også med statlege institusjonar og utviklingsprosjekt som stadig stemplar viktige delar av tradisjonane deira som overtru.
Viktige nyansar
Å vere urfolk er altså ikkje einstydande med å ha ein bestemt religion eller ein bestemt type religion, eller med å ha religion i det heile tatt. Men vi må ta på alvor at somme urfolksgrupper i fleire samanhengar nyleg har hevda med stor kraft at urfolk har særeigne religiøse tradisjonar, for eksempel i Australia, Canada og Noreg i samband med krav om vern av gjenstandar, plassar og praksisar som dei held heilage. Samstundes må vi ta på alvor at i mange delar av verda kan slike påstandar om ein eksisterande urfolksreligion føre til diskriminering og forfølging, snarare enn rettsvern. Der vil urfolk ofte vere atterhaldne med å kalle dei særeigne tradisjonane sine for religiøse, og heller understreke at tradisjonane er kulturelle og difor kompatible både med ulike religionar og med sekulære ideologiar som dominerer i samfunna kring dei.
Refleksjonsspørsmål
- Korleis har fordomar om urfolk sine religionar blitt skapt og spreidde?
- Kva slags kristendomsretningar er utbreidde i samiske område i dag?
- Kva for idear er det nye religiøse rørsler blant urfolk i dag ofte bygg vidare på?
- Kvifor bør vi ofte vere atterhaldne med å kalle urfolk sine særeigne tradisjonar for religion?
Litteraturtips
- Bassett, Molly H. & Natalie Avalos (red.). 2022. Indigenous Religious Traditions in 5 Minutes. Equinox.
- Kraft, Siv Ellen & Bjørn Ola Tafjord & Arkotong Longkumer & Gregory D. Alles & Greg Johnson. 2020. Indigenous Religion(s): Local Grounds, Global Networks. Routledge (Open Access).
- Wenger, Tisa. 2009. We Have a Religion: The 1920s Pueblo Indian Dance Controversy and American Religious Freedom. The University of North Carolina Press.