Kvifor lagar muslimar (ikkje) bilete av Muhammad?

I Iran sørgjer ei mor over den fallne sonen sin framfor det innramma fotografiet av han. Klemt mellom glaset og ramma er eit lite portrett av profeten Muhammad. I Kashmir demonstrerer ei folkemengde mot Time magazine som har trykt ei gammal avbilding av Muhammad som mottek openberringa gjennom engelen Jibril. I eit religiøst opptog i Shiraz til minne om slaget ved Kerbela har arrangørane plassert eit innramme portrett av Muhammad i eit av tablåa. I USA ber nokre muslimar om at andletet til Muhammad på relieffet av han på Høgsterettsbygninga i Washington, D.C., vert sandblåst vekk. Ein framståande sunni-rettslærd uttaler i ein fatwa både at det finst ikkje noko sikkert forbod mot bilete i islam, og at avbildinga av Muhammad på Høgsterettsbygninga utelukkande er rosverdig. I Tyrkia gir ein kjend sufi ut ei bok om islam: den første illustrasjonen i boka er eit portrett av Muhammad som ungdom. Ein norsk muslim uttaler til ei avis at muslimar ikkje lagar bilete av profeten Muhammad. I Iran signerer muslimske kunstnarar sine malte portrett av Muhammad. I fleire land i Europa protesterer muslimar mot at Der Spiegel trykker eit maleri av profeten. Ein muslim spør den kjende ayatollahen Ali al-Sistani om det er tillete å laga bilete av Muhammad. Sistani svarer at det er tillete, så lenge det vert gjort på ein respektfull måte.

Se religionsorakelet og les mer